Lucy in the Sky with Diamonds
Lucy in the Sky with Diamonds Song av The Beatles frå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band | ||
Utgjeve | 26. mai 1967[1] | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 3:28 | |
Selskap | Parlophone (R6022) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
Picture yourself in a boat on a river, John Lennon |
«Lucy in the Sky with Diamonds» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og innspelt av The Beatles for albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967.
Arrangement
Songen har eit samansett arrangement som er typisk for seinare Lennon-McCartney komposisjonar. Songen skiftar takt frå 6/8 i versa til 4/4 i refrenga. Songen skiftar òg samstundes toneart frå A dur i versa til B♭ dur i delen før refrenget eller mellomspelet til G-dur i refrenget[2]. Han består av ein enkel melodi (liknande ein barnesong) sungen av Lennon.[3]
Medverkande
- John Lennon: solovokal og harmonivokal, rytmegitar, akustisk gitar og piano.
- Paul McCartney: Lowreyorgel, bass og harmonivokal.
- George Harrison: sologitar og tamboura.
- Ringo Starr: trommer og tamburin
- George Martin – piano[4]
Tekst og tittel
I følgje the Beatles kom son til Lennon, Julian, heim frå barnehagen ein dag i 1966 med ei teikning av ei klasseveninne, Lucy. Han viste teikninga til faren og skildra bilete som «Lucy – in the sky with diamonds»[5]
I følgje Paul McCartney var dei aldri klar over referansen til LSD i tittelen før nokon gjorde dei merksam på dette, men dette var det visst få som trudde på.[6] Lennon stadfesta dette i eit intervju i 1971 og produsent George Martin nekta for at tittelen var ein referanse til LSD i boka The Complete Beatles Recording Sessions av Mark Lewisohn. Lewisohn skriv likevel at det ikkje kan vere tvil om at det var nettopp slike stoff som gav slike fargerike tekstbilete hos Lennon[3]
Andre versjonar
Lucy in the Sky with Diamonds Singel av Elton John | ||
B-side | «One Day (At a Time)»' | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. november 1974 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, rock | |
Lengd | 6:16 5:54 (7" version) | |
Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
«The Bitch Is Back» (1974) | Lucy in the Sky with Diamonds | «Philadelphia Freedom» (1975)
|
Den mest suksessrike nyinnspelinga av songen vart gjort av Elton John i 1974 med korvokal og gitar av John Lennon (som nytta pseudonym Dr. Winston O’Boogie). Singelen gjekk til topps på den amerikanske Billboard pop-lista i to veker i januar 1975.
Andre artistar som har spelt inn songen eller framført han på konsertar er The Hooters, Queensryche, Frank Zappa, Katie Melua, Grateful Dead, The Black Crowes, Bono og Natalie Cole.