Mangroveskog
Mangroveskog eller mangrovesumpar er ein tropisk og subtropisk biotop som er utbreidd i kyststrok ved ekvator på alle kontinent unnateke Europa. Det grunnleggande i vegetasjonen her er naturleg nok såkalla mangrovar; tre og buskar som har spesialisert seg på å veksa i tidevatn.
Utbreiing og økologi
Mangrovar finst langsmed kysten både i tropiske og subtropiske strok. Ofte veks dei i samspel med korallrev, som tek av mykje av støyten frå bølgjene frå havet. Nytta er gjensidig; trea tek opp mange næringsstoff og syter for at korallane får det næringsfattige, lyse vatnet dei treng. Øydelegginga av mangroveskogen har mange stader ført til at korallrev har vorte utkonkurrerte av kraftige algeoppblømingar.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen