Maria

kvinnenamn

For språka mari, sjå mariske språk

Maria, Marie og Mari er norske variantar av det hebraiske kvinnenamnet מִריָם [mirjām], som tyder bitter, og var svært mykje brukt i tida Jesus levde. Især var det namnet til mor hans, ofte kalla jomfru Maria, og på grunn av dette er det blitt eitt av det vanlegaste i den kristne verda. Det opphavlege namnet finst framleis på hebraisk som Miriam, og på arabisk som Maryam eller Maryem (مريم).

Namnet kjem til oss frå den greske septuaginten som Mariam (Μαριαμ) og Maria (Μαρια).

Ein kan òg skriva namnet som Mairi eller Maire på gælisk, Meri på gresk og Meriju på finsk. Mary er den engelske utgåva av Maria. Det har òg kome i bruk som eit norsk namn, då gjerne uttala «Marri» (men òg «Merri»). Namnet har fleire avleiingar, til dømes Mol, Molly, Polly, Mara, Misie, Mameie og Mally.

Maria kan òg brukast som mellomnamn for menn, som til dømes i Erich Maria Remarque.

Jomfru Maria er ein kjend berar av namnet Maria.

Kjende namneberarar

Bibelen

Me finn ei rekkje namneberar i Bibelen, særleg i Det nye testamentet.

Kongelege

Andre

Bloody Mary i eit glas.

Oppdikta personar

  • Maria er hovudpersonen i musikalen Sound of Music
  • Maria er den eine hovudpersonen i musikalen West Side Story

Oppkallingar

Ei rekkje ting og stader er oppkalla etter Jomfru Maria. Fleire blomar ber namnet hennar, som maria gullsko, marianøkleband, og insektet marihøne.

Det finst byar med marianamn, som Mariestad og Mariehamn. Vulkanen Santa Maria i Guatemala har òg fått namn etter henne.

Cocktailen Bloody Mary er kalla opp etter dronning Maria I av England.

Bakgrunnsstoff