Marsmeteoritt

Marsmeteorittar er meteorittar ein meiner har kome frå Mars. Av dei over over 61 000 meteorittane som er funne på jorda er 132 av dei blitt funne å stamma frå Mars (2014).[1]

Marsmeteoritten shergotitt

Marsmeteorittane kan inndelast i shergottitar, som er mafiske eller ultramafiske steinar, nakhlittar, som er rike på augitt, chassignittar, ei gruppe på to liknande meteorittar, og uklassifiserte meteorittar.

Mange marsmeteorittar er funne i Antarktis. Ein av desse meteorittane, EETA 79001, har fått namnet shergotitt, og inneheld karbonatmineral og uvanleg mykje karbon, som kan tolkast som opphavleg organisk materiale.

I 1996 fann forskarar frå NASA forsteina, bakterieliknande strukturar i ein 1,9 kg tung marsmeteoritt kalla ALH 84001 (Allan Hills 84001), frå Antarktis. Denne vart opphavleg henta ut av isen i 1984. Meteoritten er kring 3,9 milliardar år gamal. Han styrta ned på isen i Antarktis for kring 13 000 år sidan.

Kjelder