Megardsplassen

62°05′58.6″N 7°04′5.4″E / 62.099611°N 7.068167°E / 62.099611; 7.068167

Bilete av området ved Horvadrag og fossefallet Dei sju systrene. Megardsplassen ligg 460 moh, bak åskammen midt på biletet. Fjellet øvst til høgre, er Grautnibba (1260 moh).
Foto: 2011

Megardsplassen (Midgarden), bruk nr 3 på matrikkelgard nr 106 i Stranda kommune, er ein nedlagt fjellgard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Garden og folket

Megardsplassen var ein plass, eller eit småbruk, som opphavleg høyrde til Horvadrag. Plassen er nemnt som bygslebruk i 1834, men i 1872 vart garden skild ut som eige bruk[1]. Gardstunet ligg i særs bratt lende, i 460 m høgd over Geirangerfjorden, om lag 150 m aust om elva som fører ned til det kjende fossefallet «Brudesløret». Det er nemnt at dei kunne vinterfore 4 kyr og 15 småfe (geiter) på garden.

Etter at Horvadrag vart fråflytta våren 1900, flytta òg folket på Megardsplassen ut. Det var då seks personar på garden; far, mor og fire små born. Ein hadde alltid hadde rekna plassen for å vere sikker både mot snø- og steinskred, men det ville bli for vanskeleg å bu der aleine når Horvadragfolket var borte[2]. Andreas Karlsen Horvedrag er sitert i ein avisartikkel 9. april 1900[3], der han fortel at, om ein skulle greie seg på Horvadrag, måtte der vere fleire vaksne menn. Når ein skulle av garde, om ikkje lenger enn ned til sjøen, var det så bratt at ein kunne ikkje gå aleine. Det var naudsynt å knyte tau rundt han som skulle gå ned, og ein annan måtte stå ovanfor og halde.

Den siste brukaren på Megardsplassen var Ivar Eilefson Rudi[Note 1]. Det er fortalt at han trega på at han hadde reist frå plassen, og våren etter drog han attende for å sjå til garden. Truleg hadde han tankar om å flytte attende. Det viste seg då at denne vinteren, den første vinteren der ikkje budde nokon, hadde fonna teke husa på garden og ført dei heilt på sjøen[4][5]. Dersom der framleis hadde budd folk, ville truleg ingen av dei ha berga livet.

Kjelder

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff