Modale hjelpeverb

Modale hjelpeverb er hjelpeverb som fortel kva haldning talaren har til innhaldet som er knytt til hovudverbet i setninga. Nokre av verba kan også bli brukt som hovudverb, då med ei litt anna tyding. Dei modale hjelpeverba i nynorsk er:

Hjelpeverb (infinitiv, presens,
preteritum, perfektum partisipp)
Døme på bruk som hjelpeverbDøme på sjølvstendig bruk
burde el. byrje, bør, burde, burt«det burde han tenkt på» 
kunne, kan, kunne, kunna«det kan gå bra.»«ho kan alfabetet allereie»
ljote el. lyte, lyt, laut, lote«no lyt me visst gå» 
mune, mun, munde,«det munde vel henda» 
måtte, må, måtte, måtta el. mått«det måtte jo skje nett no» 
skulle, skal, skulle, skulla«en skulle vøri fire år i romjul» 
tore, tør el. torer, torde, tort«ho torer koma snart» 
turve, tarv, turvte, turvt«det tarv ikkje du bry deg om»«eld han tarv som om kne kulsar»
vilje, vil, ville, vilja«ho vil gjera alle til lags»

Dei modale hjelpeverba blir so å seia aldri brukte i infinitiv, so infinitivsformer som byrja, ljota og muna er sjeldsynte og lite kjende, medan kunna, turva og vilja som i visse tydingar er sjølvstendige verb, er meir tidsynte.

skullevillemåttekunneburde
påbodDu skal legge degVil du ha deg vekk!No må du gå!
oppmodingDu skulle gjere deg likevelDu må ikkje gløyme dette!Du bør gå no
lovnadEg skal gjere det for degHo vil gjere det
ønskjeHo vil gjere detMåtte det gå bra!
vurderingHo skal vere flinkDet kan gå braDet bør gå bra.
truDet vil nok gå bra
kunnskap / evnehan kan visst dette ut og inn.
løyveOm eg så må seie.No kan du gå.

Verba som blir modererte av dei modale hjelpeverba, står i infinitiv eller perfektum partisipp. Det er mogleg å argumentere for at konstruksjonar med modalt hjelpeverb pluss perfektum partisipp er eliptiske, dvs. Det burde han (ha) tenkt på..

Det er også andre måtar å uttrykke modalitet på. I nokre språk har verbet ein eigen bøyingskategori, modus, i andre språk, som norsk, kan tempus få modal funksjon.

Sjå også