Mostratinget

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Mostratinget».

Mostratinget var eit tingmøte halde ved Moster kyrkje, på MosterBømlo i 1024.[1] Her la kong Olav den heilage og bisp Grimkjell fram kristenretten som dei i samråd med frie bøndertinget fekk vedteke. Sidan vart dette òg vedteke på dei ymse lagtinga, og ein har rekna dette som innføringa av kristendomen til statsreligion i Noreg. Mostratinget er nemnt i dei eldste norske lovtekstene, Gulatingslova og Frostatingslova.

Tingsteinen ved Moster Amfi.

Mostratinget dannar ramma kring andre delen av det det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (som til vanleg går under namnet Mostraspelet), skrive av Johannes Heggland.[1]

Ved Moster Amfi står ein stein som kong Olav V, kong Harald V og dronning Sonja har rissa namna sine inn i.

Kjelder