Murasaki Shikibu

japansk forfattar

Murasaki Shikibu (ca. 978–ca. 1016) var ein japansk forfattar og hoffkvinne under Heian-tida. Ho er særleg kjend for Soga om Genji, ein av dei første psykologiske romanane og noko av den første japanskspråklege nedskrivne litteraturen, mellom år 1000 og 1012.[1] Murasaki skreiv også ei dagbok som likt romanen gjev eit rikt bilete av den samtidige japanske hoffkulturen.

Murasaki Shikibu

PseudonymMouraçaki Shikibou
Fødd970-åra
Heian-kyō
Død

11. hundreåret
Heian-kyō

Yrkehoffdame, romanforfattar, lyrikar, skribent, dagbokskrivar, filosof
FarFujiwara no Tametoki
MorFujiwara no Tamenobu's daughter
EktefelleFujiwara no Nobutaka
BornDaini no Sanmi
Murasaki Shikibu på Commons
Murasaki ved skrivebordet sitt. Bilde på ei japansk vifte frå 1600-talet.

Kvinner i Heian blei tradisjonelt ekskluderte frå å læra kinesisk, som var skriftspråket til styresmaktene. Murasaki, som voks opp i eit lærd hushald, viste tidleg talent for å beherska dei kinesiske klassikarane. Ho gifta seg i midten eller slutten av tjueåra og fødde ei dotter, Daini no Sanmi, før ektemannen døydde etter to års ekteskap. Det er ikkje sikkert kva tid ho byrja skriva Soga om Genji, men det var truleg medan ho var gift eller kort tid etter at ho blei enkje. Rundt 1005 blei ho invitert til å blei hoffdame for keisarinne Shōshi ved keisarhoffet til Fujiwara no Michinaga, truleg på grunn av statusen sin som forfattar. Ho fortsette å skriva ved hoffet, og la til hoffscener til verket til. Eter fem-seks år forlet ho hoffet og busette seg saman med Shōshi i området ved o[[Biwasjøen].

Murasaki skreiv diktsamlinga 'Dagboka til fru Murasaki' og den kjende 'Soga om Genji'. Eit tiår etter at verket var fullført var Genji blitt distribuert til alle provinsane; innan eit hundreår blei det rekna som ein klassikar innan japansk litteratur. Tidleg på 1900-talet blei verket hennar omsett til andre språk; ei engelsk omsetjing på seks band blei fullført i 1933. Forskarar har halde fram med å rekna verket som viktig, ein refleksjon av Heian-hoffet på toppen. Sidan 1200-talet har verket blitt illustrert av japanske kunstnarar og kjende ukiyo-e-meistrar.

Murasaki Shikibu (紫 式部), 'fru Murasaki' er eit skildrande namn. Det eigentlege namnet hennar er ukjend, men kan vera Fujiwara no Takako (藤原 香子), som er nemnd i ei hoffdagbok frå 1007 som ei keisarleg hoffkvinne.

I Heiantida brukte ein ikkje namn på same måte som i moderne tid. Ei hoffkvinne kunne vera kjend gjennom sin eigen tittel, om ho haddde ein slik, og kunne også ta eit namn som viste til rangen eller tittelen til ein mannleg slektning. Shikibu er dermed ikkje eit moderne slektsnamn, men viser til Shikibu-shō, seremoni-ministeret der far til Murasaki var funksjonær. Murasaki er eit tilleggsnamn som kan visa til lillafargen knytt til blomen Wisteria, og ei tyding til order fuji, som er eit element i klannamnet hennar. Michinaga nemner namna til fleire hoffdamer i eit dagboksnotat frå 1007; eit av dei, Fujiwara no Takako (Kyōshi), kan vera personnamnet til Murasaki.[2][a]

Bakgrunn

Murasaki Shikibu blei fødd rundt 973 i Heian-kyō i Japan. Ho var medlem av den nordlege Fujiwara-klanen som stamma frå Fujiwara no Yoshifusa, den første Fujiwara-herskaren i Heian-tida.[3] Fujiwara-klanen dominerte hoffpolitikk fram til slutten av 1000-talet gjennom strategiske giftarmål av døtrene sine inn i keisarfamilien og gjennom regentskap. Seint på 900- og tidleg på 1000-talet arrangerte, Michinaga, også kalla Mido Kampaku, ekteskap for fire døtrer med keisarar, noko som gav han stor makt.[4] Oldefaren til Murasaki, Fujiwara no Kanesuke, hadde vore i det øvste laget av aristokratiet, men hennar grein av familien tapte gradvis makt og tilhøyrde ved hennar fødsel dei midtre eller lågare delane av Heian-aristkcratiet — nivået til provinsguvernørar.[5] Aristokratar av lågare rang blei typisk sende til stillingar i provinsane der dei var utestengde frå den sentraliserte makta og hoffet i Kyoto.[6]

Familien hennar hadde likevel ein viss litterær status. Både oldefaren og farfaren hennar var kjende diktarar. Oldefaren, Fujiwara no Kanesuke, hadde femtiseks dikt me i Tjueein keisarlege antologiar (Nijūichidaishū),[7] Samlingar av trettiseks diktarar og i Yamato Monogatari.[2] Desse to hadde begge vore vennar med Ki no Tsurayuki, som blei kjend for å utbreid vers skrivne på japansk.[6] Far hennar, Fujiwara no Tametoki, studerte ved det statlege akademiet (Daigaku-ryō)[8] og blei ein respektert student av kinesiske klassikarar og poesi; også hans vers blei samla i antologiar.[9] Han byrja i offentleg teneste rundt 968, blei utnemnd til guvernør i 996, og var i teneste fram til rundt 1018.[6][10] Mor til Murasaki stamma frå same grein av nordlege Fujiwara som Tametoki. Paret hadde tre barn, ein son og to døtrer.[9]

I Japan i Heian-tida hadde menn og koner av ei viss rang fråskilde hushald. Barna voks vanlegvis opp hjå mora, men ein følgde likevel eit patrilineært slektssystem.[11] Murasaki var uvanleg i og med at ho budde i huset til far sin, truleg ved Teramachi-gata i Kyoto, saman med den yngre broren Nobunori. Mor deira var død då dei var små, kanskje i barsel. Murasaki hadde minst tre halvsysken som voks opp hjå mødrene sine. Ho stod nær ei syster som døydde i tjueåra.[12][13][14]

Merknadar

Kjelder

Denne litteraturartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.