Narjan-Mar

by i Russland

Narjan-Mar (russisk Нарьян-Мар) er ein by i Russland med om lag 19 000 innbyggjarar og hovudstad i det autonome distriktet Nenetsia. Byen ligg ved elva Petsjora, 119 km frå Barentshavet. Byen har hamn for havgåande skip. Namnet tyder «raud by» på nenetsisk. Han fekk bystatus den 10. mars 1935, seks år etter grunnlegginga av byen og Nenetsia (1929).

Narjan-Mar
Нарьян-Мар
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Narjan-MarByåpenet til Narjan-Mar
Flagget til Narjan-Mar Byvåpenet til Narjan-Mar


Plassering
Narjan-Mar is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
FøderasjonssubjektNenetsia
Grunnlagd
Bystatus
1929
1935
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

19 275
Koordinatar67°38′28″N 53°2′41″E / 67.64111°N 53.04472°E / 67.64111; 53.04472
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf)+7 81853
Bilnummer83

Utvikling av folketalet

ÅrFolketal
195811 400
199717 000
200018 500

Økonomi

Narjan-Mar ved Petsjora

Byen har ei viktig hamn, for trafikken frå Petsjora og ut i ope hav, og ein flyplass, for trafikk med rutefly til og frå Arkhangelsk og Moskva, og med små dobbeldekkarar ut på vidda. Byen er eit viktig senter for fiskeria, dei har fiske- og sagbruksindustri, og eit slakteri for rein. Nenetsia har fleire rike oljefunn, og både russiske og vestlege oljeselskap har verksemd i Narjan-Mar.

Historia

Narjan-Mar vart grunnlagt som administrativt senter for det autonome området i 1932, og fekk bystatus i 1935. I Sovjettida var byen lukka område. Etter sovjettida har Narjan-Mar fått ei meir internasjonal rolle, m.a. som administrativt senter for ein av medlemsregionane i Barentsregionen.

Bakgrunnsstoff