Nettstaden Polygon

Polygon er ein amerikansk dataspelnettstad som gjev ut nyhende, omtalar og videoar knytte til dataspel. Nettstaden vart lansert som ein del av Vox Media den 24. oktober 2012. Polygon vart bygd opp i løpet av ti månader, og dei 16 personene som grunnla nettstaden femna redaktørar frå andre dataspelnettstader som Joystiq, Kotaku og The Escapist. Vox har produsert ein dokumentarserie om grunnleggjarane av nettstaden.

Nettstaden Polygon

Type nettstadDataspelnettstad
Tilgjengeleg påengelsk
Grunnlagd24. oktober 2012
EigarVox Media
Nettstadwww.polygon.com
Lansering24. oktober 2012; 11 år sidan (2012-10-24)
StatusAktiv

Polygon prøvde å skilja seg frå konkurrentane ved å fokusera på historiene om menneska bak spela, framfor spela i seg sjølve. Dei har òg produsert lengre artiklar i magasinstil, investert i video-innhald, og valde å la sine reviewscores av spel verta oppdaterte etter kvart som spelet endra seg med oppdateringar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen