Nintendo 3DS

Nintendo 3DS (ニンテンドー3DS) er ein handhalden spelkonsoll produsert av Nintendo. Masinen kan gje ein 3D-effekt frå den øvste skjermen med hjelp av autostereoskopi, dette utan at ein treng spesialbriller.[1] Nintendo 3DS er kompatibel med programvare frå Nintendo DS-serien, inkludert Nintendo DSi-programvare.[1] Konsollen vart annonsert mars 2010 og offisielt avduka under E3-messa i juni same året.[1][2] Nintendo 3DS er etterfylgjaren til Nintendo DS-serien av handhaldne spelkonsollar.

Nintendo 3DS
Nintendo 3DS

Konsollen vart lansert 26. februar 2011 i Japan, 25. mars 2011 i Europa og 27. mars 2011 i Nord-Amerika.[3][4] Nintendo annonserte 28. juli 2011 at dei ville redusera prisen på Nintendo 3DS. Priskuttet tredde i kraft 12. august 2011, og dei som hadde kjøpt konsollen til den opphavlege prisen fekk 10 gratis Nintendo Entertainment System-spel og 10 gratis Game Boy Advance-spel gjennom tenesta Nintendo eShop.[5]

Nintendo har den 30. juni 2012 selt 19 millionar 3DS-konsollar. Av dette 6,76 millionar i Japan og 6,41 millionar i Nord-Amerika.[6] Ein ny versjon av konsollen, kalla Nintendo 3DS XL, vart annonsert 21. juni 2012. Denne har 90 % større skjermar enn den originale versjonen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff