Nukleosom

Nukleosom er grunneiningane i kromatin i sellekjernen. Dei er sette saman av DNA og histon, der DNA-et er tvinna to gonger kring eit kompleks av 8 histon.[1]

Illustrasjon av eit nukleosom
Illustrasjon (fransk) over plasseringa til nukleosoma i DNA-strukturhierarkiet, der perletrådstrukturen er synleg

I elektronmikroskop kan ein sjå nukleosom som perler på ein tråd av DNA. Den nøyaktige strukturen til nukleosom vart fastsett med røntgenkrystallografi.

Kjelder

«nukleosomer» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 27. februar 2016.

Bakgrunnsstoff

Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.