Nymfestadiet

Nymfe er eit stadium hjå hemimetabole insekt mellom egg og vakse dyr.[1] Det tilsvarar larvestadiet hjå holometabole insekt, men nymfa til eit insekt liknar meir på det vaksne individet og går til dømes ikkje gjennom noko puppestadium. Insektet kan gå gjennom fleire hamskifte der nymfene blir stadig likare vaksne insekt.[2] Mellom insektgrupper som har nymfestadium kan ein nemna teger, lus,[3] augestikkarar, vassnymfer,[4] grashopper og kakerlakkar.[2]

To nymfer av Schistocerca gregaria med eit vakse individ.
Egg og nymfer av teger (Heteroptera).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Nymfestadiet
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.