Ur i Mesopotamia

(Omdirigert frå Oldtidsbyen Ur)

Ur (sumerisk Urim, akkadisk Uru, arabisk أور) var ein viktig sumerisk bystat i oldtidsriket Mesopotamia, der den moderne Tell el-Muqayyar (arabisk تل المقير) ligg i dag i Dhi Qar guvernement sør i Irak.[1] Sjølv om Ur ein gong var ein kystby nær munningen av Eufrat i Persiabukta, har kystlinja flytta seg og byen ligg no godt i landet, ved sørbreidda av Eufrat, 16 km frå Nasiriyah i dagens Irak.

Ur
oldtidsby
Ruinane av Ur med zigguraten i Ur i bakgrunnen
Land Irak
GuvernementDhi Qar guvernement
Del avAhwar of Southern Iraq
StadTell el-Muqayyar
 - koordinatar30°57′45″N 46°06′11″E / 30.96250°N 46.10306°E / 30.96250; 46.10306
Grunnlagdkring 3800 evt.
 - Fråflyttaetter 500 evt.
 - ÆraUbaid-perioden til jernalderen
 - Kultursumerisk
Utgravingar1853–1854, 1922–1934
ArkeologarJohn George Taylor, Charles Leonard Woolley
Kart
Ur i Mesopotamia
30°57′44″N 46°06′16″E / 30.962222°N 46.104444°E / 30.962222; 46.104444
Wikimedia Commons: Ur

Byen er datert til Ubaid-perioden for kring 3 800 evt., og er registrert som bystat i historiske kjelder frå 2500-talet fvt. med Mesannepada som den første registrerte kongen. Skytsguddomen til byen var Nanna (på akkadisk Sin), den sumeriske og akkadiske måneguden, og namnet på byen skal kome frå namnet på denne guden, Urim, som var den klassiske, sumeriske stavinga og tyder «bustaden til Nanna».

I dag er staden markert av dei delvis restaurerte ruinane av zigguraten i Ur, som består av heilagdomen til Nanna, graven ut i 1930-åra. Tempelet vart bygt på 2000-talet fvt. under regjeringstida til Ur-Nammu og vart bygt opp att på 500-talet fvt. av Nabonidus, den assyrisk-fødde siste kongen av Babylon. Ruinane dekkjer eit område på 120 meter frå nordvest til søraust og 800 meter frå nordaust til sørvest, og stig kring 20 meter over dagens bakkenivå.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ur i Mesopotamia