Ole Einar Bjørndalen

norsk skiskyttar

Ole Einar Bjørndalen (fødd 27. januar 1974) er ein norsk skiskyttar frå Simostranda i Modum i Buskerud. Bjørndalen er ein av tidenes mestvinnande vintersportsutøvarar, og ingen annan utøvar med ski på beina har fleire verdscupsigrar enn Bjørndalen.

Ole Einar Bjørndalen

StatsborgarskapNoreg
Fødd27. januar 1974 (50 år)
Drammen kommune
Yrkeskiskyttar, langrennsløpar, skiskyttertrener
Språknorsk, tysk, engelsk
Høgd178 centimeter
Medlem avDen internasjonale olympiske komitéen
EktefelleDarja Domratsjeva
Nettstadhttp://www.oleeinarbjoerndalen.com/
Ole Einar Bjørndalen på Commons

I 1998 vart Bjørndalen tildelt Aftenpostens Gullmedalje for skiskytinga si. I OL i Salt Lake City i 2002 vann han alle fire konkurransane, og dette vert rekna som hans beste meisterskap. Etter dette OL vart han foræra med både Fearnleys olympiske ærespris og Egebergs Ærespris.

Bjørndalen bur i Obertillach i Austerrike. Frå 2006 til 2012 var han gift med Nathalie Santer, som òg er skiskyttar på elitenivå.[1] Broren Dag Bjørndalen har òg vore skiskyttar på elitenivå.

Merittar

Per mars 2017

Olympiske vinterleikar

  • 8 gull
  • 4 sølvmedaljer
  • 1 bronsemedalje

VM i skiskyting

  • 20 gull
  • 14 sølvmedaljar
  • 11 bronsemedaljar

Verdscupen samanlagt

  • 6 sigrar

Verdscupen (enkeltrenn)

  • 95 sigrar

Fotnotar