Open by
Open by er ifølgje Haagkonvensjonane at ein by ved eit venta åtak av fienden ikkje forsvarer seg men erklærer at han er open for fienden utan motstand. Fienden har då ikkje lov å omleire eller bombe byen.
Dette har skjedd fleire gonger under krig når ein har innsett at ytterlegare kampar mot ein overlegen fiende berre vil føre til unødige øydeleggingar.
Døme på byar som har vorte erklært for opne byar er:
- Paris i 1940, den franske regjeringa forlet byen då det var openlyst at tyskarane ville ta byen.
- Oslo i 1940.
- Manilla i 1942, den amerikanske militære leiinga innsåg at byen ikkje lenger var strategisk viktig.
- Roma i 1944, dei tyske styrkane trekte seg ut då dei ikkje ønskte å skade byen med kamphandlingar.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen