Pascal-lova

Pascal-lova eller prinsippet for overføring av væsketrykk er eit prinsipp i væskemekanikk som seier at trykket utøvd ein vilkårleg plass i ei avgrensa, inkompressibel væske vert overført likt i alle retninga, slik at trykkvariasjonane vert verande dei same.[1] Lova vart fastsett av den franske matematikaren Blaise Pascal.[2]

Definisjon

Trykk i vatn og luft. Pascallova gjeld berre for væsker.

Pascal-lova er definert som

«Ei endring i trykket i eit punkt i ei avgrensa væske i ro, vert overført til utan svekking til alle punkt i væska.»

Dette prinsippet kan skrivast matematisk som:

er det hydrostatiske trykket (gjeve i pascal i SI-systemet), eller trykkskilnaden til to punkt i ei væskesøyle, på grunn av vekta til væska;
ρ er væsketettleiken (i kilogram per kubikkmeter i SI-systemet);
g er tyngdeakselerasjonen;
er høgda til væska over eit målt punkt, eller høgdeskilnade mellom to punkt i væskesøyla (i meter).

Den intuitive forklaringa til denne formelen er at trykkendringa mellom to høgder kjem av vekta til væska mellom høgdene.

Kjelder