Per Henriksen

norsk fotballspelar

Per Henriksen (10. april 195217. april 2024) var ein norsk fotballspelar som vann to seriegull og ein NM-tittel med Viking Fotballklubb i tida 1978 til 1986.

Per Henriksen


StatsborgarskapNoreg
Fødd10. april 1952
Stavanger kommune
Død

17. april 2024 (72 år)
Stavanger Universitetssjukehus

Idrettfotball

Henriksen spelte på Stavanger-laget Brodd fram til 1977, laget spelte i hans tid i vekselvis 3. og 4. divisjon. Frå 1978 var han Viking-spelar, og gjennom ni sesongar i midtforsvaret til klubben spelte han 180 seriekampar og skåra 11 mål. I 1979 var han med å vinne både seriemeisterskapen og cupfinalen, den siste mot fylkesrival Haugar. Tre år seinare vann Viking og Henriksen 1. divisjon på ny, tre poeng framom Bryne FK.

Åra 1983 og 1984 deltok Henriksen i 10 landskampar for Noreg, dei sju fyrste gjaldt kvalifisering til Sommar-OL 1984.

Kjelder