Poresoppordenen

sopporden
Poresoppordenen
Systematikk
Rike:Soppriket Fungi
Underrike:Dikarya
Rekkje:Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje:Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse:Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden:Poresoppordenen Polyporales
Gäum., 1926

Poresoppordenen (Polyporales, tidlegare Aphyllophorales) er ein orden i rekkja stilksporesoppar. Polyporales inkluderer mellom anna dei fleste kjukene (mellom anna familien Polyporaceae), som er viktige nedbrytarar av tre. Hjå poresoppar blir sporane danna i porelag på undersida av hatten.[1]

Dei fleste artane i Polyporales er kvitrotesoppar som veks på tre og livnærer seg på lignin.[2] Dei kan vera eitt- eller fleirårige.[1] Dei fleste fruktlekamane har ikkje stilkar. Unntak er stilkkjuker (Polyporus) og fåresoppar (Albatrellus).[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff