Encyclopedia of Life

Encyclopedia of Life (EOL) er eit gratis og ope oppslagsverk som er meint å dokumentera alle dei 1,9 millionar levande biologiske artane ein kjenner til. Nettstaden er eit samarbeidsprosjekt som er sett saman av ei rekkje eksisterande databasar, og av ekspertar og andre interesserte i heile verda.[1][2] Målet er å bygga opp ei «uendeleg utvidbar» side for kvar art, som skal inkludera video, lyd, bilde og grafikk, i tillegg til tekst.[3] I tillegg skal oppslagsverket inkludera Biodiversity Heritage Library, som vil bestå av digitaliserte kopiar av alle dei dominerande naturhistoriske biblioteka i verda. Prosjektet er støtta med 50 millionar amerikanske dollar, leidd av MacArthur Foundation og Sloan Foundation.

Encyclopedia of Life

Type nettstadNettbasert encyklopedi
Tilgjengeleg påEngelsk, og delvis fransk, tysk, russisk og ukrainsk
Grunnlagd2008
OpphavslandUSA
Nettstadwww.eol.org
KommersieltNei
Registreringvalfritt

EOL opna den 26. februar 2008 med 30 000 oppføringar.[4] Nettstaden var svært populær med ein gong, og gjekk ei tid ned etter å ha fått 11 millionar treff.[5]

Styringsgruppa til prosjektet har representantar frå Biodiversity Heritage Library consortium, Field Museum, Harvard University, MacArthur Foundation, Marine Biological Laboratory, Missouri Botanical Garden, Sloan Foundation, og Smithsonian Institution.[1][6][7]

Det finst allereie informasjon om mange biologiske artar i ei rekke ulike kjeldeverk, og spesielt informasjon kring megafauna. Ei samling av tilgjengeleg data på alle 1,9 million kjente artar var forventa å ta rundt 10 år.[8] Per oktober 2009 hadde EOL 1 500 000 sider, nær 200 000 med tekst eller bilde frå etablerte kunnskapskjelder. Sentralt i prosjektet er kartlegging og indeksføring av informasjon samla i andre verk, som ITIS, Catalogue of Life, Fishbase og samlinga frå prosjektet Assembling Tree of Life av NSF, AmphibiaWeb, Mushroom explorer, micro*scope, og så vidare. I fyrste fase er fokuset retta mot eksisterande artar, men sidan vil ein òg ha med utdøydde artar. Sidan oppdaginga av nye artar er forventa å fortsetja (noverande frekvens er ca. 20 000 per år), vil EOL veksa kontinuerleg. Gjennom systematisk biologi og molekylærbiologi kan nye vegar mot identifisering finna stad, og frekvensen i oppdaginga av nye artar kan stiga. Spesielt er dette venta innan mikrobiologi, og då for bakteriar, arkar og virus.

EOL har inngått avtalar med ei rekke kjelder for informasjon, inkludert Wikipedia, Flickr og (frå september 2012) òg den norske Artsdatabanken.[9]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Encyclopedia of Life