Provinsar på Irland

Irland er tradisjonelt delt inn i fire provinsar, som under det gæliske styret erstatta det gamle systemet med túatha.

Dei fire provinsane på Irland
Cúigí na hÉireann
Våpen
LandMal:Landdata Irland, Storbritannia
Del avIrland, Storbritannia
Areal84 412 km²
Folketal 5 962 110  (2006)
Folketettleik71 / km²
Wikimedia Commons: Provinces of Ireland

Dei fire provinsane er:

ProvinsFolketalAreal (km²)Tal på grevskapHovudstad
Leinster2 292 93919 77412Dublin
Munster1 172 17024 6086Cork
Connacht503 08317 7135Galway
Ulster1 993 918‡24 4819Belfast
Talet på grevskap er tradisjonelle grevskap, ikkje dei administrative.
Folketalet for Ulster er summmen av grevskapa i Repulikken Irland etter folketeljinga i 2006 og det estimerte folketalet for Nord-Irland i 2006[1] Folketalet for dei andre provinsane er etter folketeljing i 2006.

Opphavleg var det fem provinsar, men Meath, som var ein liten provins, vart tidleg ein del av Leinster. Det irske ordet for provins, cúige, tyder 'femtedel', noko som reflekterer den opphavlege inndelinga. Ordet vert no ikkje berre nytta om dei fire provinsane på Irland, men òg om provinsar i andre land, så den opphavlege tydinga er erstatta av ei nyare.

Under stordomstida til Irland i mellomalderen var desse provinsane kongedøme med laust fastsette grenser. Grevskapa vart innført som administrative einingar etter normannarane sin okkupasjon på 1100-talet og provinsane vart gradvis mindre viktige. I moderne tid vert dei assosierte med visse fastsette grevskap, men provinsane har ikkje lenger nokon administrativ funksjon.

Ulster er delt mellom Republikken (tre grevskap) og Nord-Irland (seks grevskap).

Fotnotar