Provinsen Trieste

Provinsen Trieste
Nasjon Italia
RegionFriuli-Venezia Giulia
HovudstadTrieste
Areal212 km²
Folketal (2004)240 000
Folketettleik1 132/km²
Kommunar6
BilnummerTS
Postnummer34000-34100
Retningsnummer (tlf)040
PresidentMaria Teresa Bassa Poropat
Plasseringa til Trieste i Italia


Provinsen Trieste (italiensk Provincia di Trieste, slovensk Tržaška pokrajina) er ein provins i regionen Friuli-Venezia Giulia i Italia. Hovudstaden er byen Trieste.

Han har eit areal på 212 km² og totalt 240 000 innbyggjarar (2004). Provinsen har ei kystlengd på 48,1 km og det er seks kommunar i provinsen.

Kommunane

KommuneFolketal
(31. august 2005)
Trieste206 334
Muggia13 246
Duino-Aurisina8 781
San Dorligo della Valle6 023
Sgonico2 129
Monrupino832

Historie

Tidleg historie

Etter at Vestromarriket vart oppløyst vart området som utgjer provinsen Trieste okkupert av frankarar. Då Habsburg kom til makta på 1200-talet vart området delt mellom herrane i Duino, Trieste, San Dorligo della Valle og Muggia. Under regjeringstida til Maria Theresa av Austerrike og så Josef II auka den maritime handelen då det vart oppretta ei frihamn her.

I 1809 vart området erobra av Napoleon sine troppar. Etter Napoleon sitt fall vart kommunane Duino, Sgonico og Monrupino ein del av Gorizia, medan Trieste vart ein «direkteby» i Det austerrikske riket. San Dorligo og Muggia vart ein del av Istria. Rapallotraktaten i 1920 gav Trieste og Istria til Italia etter tapet til Austerrike-Ungarn i den første verdskrigen.

Etter den andre verdskrigen

Etter slutten av den andre verdskrigen, vart det frie området Trieste oppretta som ein fristat den 15. september 1947. 26. oktober 1954 kom Italia og Jugoslavia fram til ein avtale der området de facto vart delt mellom dei to statane. Sone A av fristaten vart provinsen Trieste og Sone B vart styrt av Jugoslavia. Provinsen Trieste vart formelt ein del av Italia 11. oktober 1977 med Osimotraktaten.

Bakgrunnsstoff

Kjelder