Raglanerme

Raglanerm eller raglanerme er ein type erme som er karakterisert ved at det går i eit kileforma stykke heilt opp til kragen,[1] noko som gjev ein diagonal saum frå underarmen til kragebeinet.[2]

T-skjorte med raglanerme.

Ermetypen er oppkalla etter lord Raglan, den 1. baron Raglan, som skal ha hatt ein frakk med denne typen erme etter han mista ein arm under slaget ved Waterloo.[3] Raglanermet blei funne opp av frakkemakaren Aquascutum for lord Raglan for å gje han plass til å bruka sverdet sitt i kamp. Det gav betre rørsle til beraren i staden for eit normalt erme som var sydd fast til skuldersaumen. Ein frakk med raglanerme kan også kallast raglanfrakk.[4]

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Raglanerme