Regionar i Iran

Historisk og geografisk har Iran vore delt inn i ei rekkje forskjellige regionar.[1] I 2014 vart Iran administrativt delt inn i fem regionar.

Kart over provinsar i Iran, 1937-1960

I 1937 vart Iran delt inn i ti administrative regionar, enkelt kalla Region 1 til Region 10. Til dømes var Region 7 det same området som Fars dekkjer i dag.[2]

Dei 31 provinsane i Iran vart av innanriksdepartementet delte inn i fem regionar den 22. juni 2014.[3] Under inndelinga vart det teke omsyn til plassering og likskapar mellom provinsane.[3]

Den iranske grunnlova omfattar ikkje regionar og dei er ikkje grunnleggjande eininga i landet, men eksisterer berre for å gjere den statlege administrasjonen enklare.

Regionar i Iran i dag

RegionHovudstadProvinsarFolketalAreal
Region 1TeheranAlborz-provinsen

GolestanMazandaranQazvin-provinsenQom-provinsenSemnan-provinsenTeheran-provinsen

23 343 033193 109
Region 2IsfahanBushehr-provinsen

Chahar Mahaal og BakhtiariFarsHormozganIsfahan-provinsenKohkiluyeh og Buyer Ahmad

12 973 089354 885
Region 3TabrizArdabil-provinsen

Aust-AserbajdsjanGilanKurdistan-provinsenVest-AserbajdsjanZanjan-provinsen

12 782 820165 839
Region 4KermanshahHamadan-provinsen

Ilam-provinsenKermanshah-provinsenKhuzestanLuristanMarkazi

11 739 552185 978
Region 5MashhadKerman-provinsen

Nord-KhorasanRazavi-KhorasanSistan og BalutsjistanSør-KhorasanYazd-provinsen

13 145 227734 576

Historiske og geografiske regionar

Historiar, reisebøker og økonomiske analysar refererer ofte til mindre formelle, meir historiske eller geografiske regionar i Iran. Grensene er ofte ikkje fastsette og har ofte endra seg over tid, eller overlappa kvarandre.

Kjelder