Retrovirus

virusfamilie
Retrovirus
Systematikk
Rike:Pararnavirae
Rekkje:Artverviricota
Klasse:Revtraviricetes
Orden:Ortervirales
Familie:Retrovirus Retroviridae

Retrovirus (Retroviridae) er ein familie av enkelttråda RNA-virus som nyttar dobbelttråda DNA som mellomsteg i økslinga. Dei har membranar[1] og positiv RNA-polaritet, og vert delte inn i dei to underfamiliane Orthoretrovirinae og Spumavirinae. DNA-utgåva av genomet til retrovirus har ein storleik på mellom 8 og 12 kilobasar, avhengig av virus. Dei har ryggradsdyr som vertar, inkludert pattedyr, fiskar, fuglar, krypdyr og amfibium.[2]

HIV-viruset er eit døme på eit retrovirus.[2]

Øksling

Under økslinga nyttar retrovirus enzymet revers transkriptase (oppdaga i 1970) til å laga eit DNA-mellomsteg. Ein integrase vert deretter nytta til å lima inn mellomsteget i genomet til sella som vert infisert, og lagar slik eit provirus.[2][3] Denne prosessen lagar brot i DNA-molekylet proviruset vart sett inn i og som truleg lyt vølast av protein frå vertssella.[4] Etter innsetjinga i vertssellegenomet kan proviruset styra avskriving av DNA.[2]

Retroviruspartiklar knoppar seg ut av sellemembranen til ei vertsselle i ei umogen form. Fleire steg katalyserte av virusproteasar gjer partikkelen mogen slik at han kan gå inn i nye vertsseller.[5]

Alle retrovirus har dei tre gena gag, pro, pol og env.[2] gag kodar for strukturelle protein.[5] pro kodar for virusproteasen.[2] pol kodar for revers transkriptase og integrase.[2] env kodar for glykoprotein i virusmembranen som gjer det mogeleg for viruset å gå inn i ei vertsselle.[2][6]

Indre retrovirus

Om sella retroviruset infiserer er ei kjønnsselle, kan det innsette virusgenomet gå i arv over fleire generasjon. Slike sekvendar vert kalla indre (endogene) retrovirus. Det er vanleg at genoma til ryggradsdyr inneheld hundretusenvis av uverksame DNA-sekvensar frå retrovirusgenom.[2] Det er rekna at 5 til 8 % av menneskegenomet er slike restar etter genoma til retrovirus.[7]

Kjelder

Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.