Rolls-Royce

Rolls-Royce er eit britisk industrikonsern, danna av Henry Royce og Charles Stewart Rolls i 1906. Hovudverksemda, gassturbinproduksjon, vart i 1972 nasjonalisert i det som i dag er Rolls-Royce Plc.

Rolls Royce


BransjeBilindustri
Skipa1998
EigarBMW
MorselskapBMW
HovudkontorChichester
LandStorbritannia
ProduktPersonbil
Grunnleggjar(ar)Henry Royce, Charles Rolls
Nettstadhttps://www.rolls-roycemotorcars.com/en_GB/home.html (britisk-engelsk)
Sir Henry Royce
Charles Rolls

Ulike selskap

Denne artikkelen tek for seg ulike selskap som er forbundne med Rolls-Royce.

  • Royce & Co Limited som bygde Royce 10 HP og Rolls-Royce 10 HP i tida 1904 - 1906.
  • C.S. Rolls & Co Limited som selde Rolls-Royce bilar i perioden i tida 1904 - 1906.
  • Rolls-Royce Limited som produserte Rolls-Royce bilar og flymotorar i tida 1906 - 1972.
  • Rolls-Royce Plc som produserer flymotorar og ymist anna frå 1972 og framover.
  • Rolls-Royce Motors Limited som produserte Rolls-Royce bilar frå 1972 til og med 2002.
  • Rolls-Royce Marine AS som er brorparten av gamle Ulstein verft i Ulsteinvik i Noreg.

Historie

Henry Royce som laga elektriske heisekraner i foretaket sitt Royce & Co Limited, bygde ein bil i 1904. Modellen Royce 10 HP var tosylindra og ytte 10 hestekrefter. Charles Stewart Rolls, som dreiv bilhandel i London i sitt foretak C.S. Rolls & Co Limited avtala i 1904 at han skulle selje alle bilane Royce kunne produsere, mot at han fekk selja dei med sitt eige namn lagt til som Rolls-Royce. Dermed var eit av historias sterkaste varemerker fødd.

Rolls-Royce Limited

Selskapet Rolls-Royce Limited blei ikkje grunnlagt før i 1906, då bilverksemda til Royce og Rolls blei samanslegne.

Rolls-Royce laga flymotorar alt frå 1914. Frå 1939 og til over andre verdskrigen var flymotorar alt Rolls-Royce Limited produserte. I 1946 blei bilproduksjon teken opp att, men verksemda var no radikalt endra slik at bilproduksjon var ein økonomisk nullitet stilt ved sida av flymotorproduksjonen. Bilproduksjonen blei ført vidare som ein måte å halde på tradisjon og varemerke.

Verksemda til Rolls-Royce Limited kollapsa i 1971 etter å ha bruka for store summar på utviklinga av jetmotoren RB 211. Den britiske staten nasjonaliserte då verksemda unnateke bilproduksjonen som isolert sett gjekk med overskot. Bilproduksjonen blei skilt ut i 1973 i eininga Rolls-Royce Motors Limited og vart kjøpt opp av Vickers plc, eit anna britisk industrikonsern.

Rolls-Royce Plc

Rolls-Royce Plc blei til etter krisa i 1971 då regjeringa til Edward Heath nasjonaliserte Rolls-Royce Limited. Rolls-Royce Plc blei privatisert att i 1987 og er i dag verdas nest største produsent av gassturbiner og flymotorar. Rolls-Royce Plc eigde merkevara "Rolls-Royce" og Rolls-Royce Motors Limited fekk berre nytte han så lenge dei kunne halde kvaliteten på topp.

Rolls-Royce Motors Limited

Rolls-Royce Motors Limited laga biler med merka Rolls-Royce og Bentley i tida 1973 - 1998. Selskapet var eigd av Vickers plc til Vickers selde Rolls-Royce Motors Limited til Volkswagen AG i 1998. I tida 1998 - 2003 bygde Rolls-Royce Motors Limited Rolls-Royce bilar. I 2003 endra eininga namn til Bentley Motors Limited og har etter dette berre bygd biler med merket Bentley.

Bilar

Rolls-Royce Silver Ghost fotografert i 1907
  • 1904-1906 10 hp
  • 1905-1905 15 hp
  • 1905-1908 20 hp
  • 1905-1906 30 hp
  • 1905-1906 V-8
  • 1906-1925 Rolls-Royce Silver Ghost
  • 1922-1929 Rolls-Royce Twenty
  • 1929-1935 Rolls-Royce Phantom I
  • 1929-1936 Rolls-Royce 20/25
Rolls-Royce Phantom 1 produsert i Spingfield USA
  • 1929-1935 Rolls-Royce Phantom II
  • 1936-1938 Rolls-Royce 25/30
  • 1936-1939 Rolls-Royce Phantom III
  • 1939-1939 Rolls-Royce Silver Wraith
  • 1949-1955 Rolls-Royce Silver Dawn
  • 1949-1955 Rolls-Royce Silver Wraith
  • 1955-1966 Rolls-Royce Silver Cloud
  • 1959-1968 Rolls-Royce Phantom IV
  • 1959-1968 Rolls-Royce Phantom V
  • 1965-1980 Rolls-Royce Silver Shadow
  • 1968-1991 Rolls-Royce Phantom VI
Rolls-Royce Phantom Drop Head Coupe
  • 1971-1996 Rolls-Royce Corniche
  • 1975-1986 Rolls-Royce Camargue
  • 1980-1998 Rolls-Royce Silver Spirit
  • 1998-2002 Rolls-Royce Silver Seraph
  • 2000-2002 Rolls-Royce Corniche(Seraph)
  • 2003 - Rolls-Royce Phantom (BMW)

Flymotorar

Liste over Rolls-Royce flymotorar. Lista er ikkje komplett.
  • Rolls-Royce Avon
Concorde hadde fire Rolls-Royce Olympus motorer under vingene
  • Rolls-Royce Buzzard
  • Rolls-Royce Condor
  • Rolls-Royce Conway
  • Rolls-Royce Dart
  • Rolls-Royce Derwent
  • Rolls-Royce Eagle
  • Rolls-Royce Falcon
  • Rolls-Royce Goshawk
  • Rolls-Royce Griffon
  • Rolls-Royce Hawk
  • Rolls-Royce Kestrel
  • Rolls-Royce Merlin
  • Rolls-Royce Nene
Rolls-Royce Trent 900 på Airbus A380
  • Rolls-Royce Peregrine
  • Rolls-Royce Spey
  • Rolls-Royce Tay
  • Rolls-Royce Vulture
  • Rolls-Royce Welland
  • Rolls-Royce/Snecma Olympus
  • Rolls-Royce Trent

Ulsteinvik

Vickers plc selgde Rolls-Royce Motors Limited til Volkswagen i 1998. Delar av kjøpesummen nytta Vickers plc til å kjøpe brorparten av Ulstein-gruppen i Ulsteinvik. Vickers blei med dette oppkjøpet verdensledende på teknologi for framdrift av skip. Rolls-Royce plc hadde ein aukande verksemd innanfor framdrift av skip. Rolls-Royce plc byggjer til dømes gassturbinar som vert nytta som skipsmotorar. Lagnaden ville det slik at Rolls-Royce plc kjøpte heile Vickers plc i 1999, året etter at Vickers hadde selgd bildivisjonen til Volkswagen. Verksemda i Ulsteinvik vert no drive i eininga Rolls-Royce Marine AS. Rolls-Royce Marine AS er 100 % eigd av Rolls-Royce Plc.

Bakgrunnsstoff