Søylestraum
Søylestraum (engelsk mantle plume eller hot spot, 'heit flekk') er ei søyle av magmatisk lava som stig opp frå stort djup i mantelen, gjennom ei såkalla mantel-diapir. Slike søylestraumer skapar eit basaltisk lavakammer eller utbrot som kan danne øyer (som Réunion), eller heve større område opp som ved Yellowstone og Island.
«Heite flekkar» viser til stader i bakken der mantelen er ekstra varm. Hawaii, Kanariøyene og Kapp Verde er døme på vulkanområde som ligg over slike flekkar. Island ligg både på ein heit flekk og på ein midthavsrygg.
Dei største områda vi kjenner som er danna av søylestraummar er Dei sibirske trappene (251 mill år sidan), Island, Yellowstone-provinsen, og basaltområda i Aust-Afrika.
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen