Samurai

Samurai (侍) var ein krigar-aristokrat i det føydale Japan. Ordet «samurai» betyr 'ein som tener',[1] og samuraiane tente som regel ein høgareståande aristokrat, ein daimyo. Ein herrelaus samurai blei kalla ein ronin.

Samuraiar frå Chosyu-klanen under Boshinkrig-perioden.

Samuraiane følgde ein æreskodeks, bushido ('riddaren sin veg'),[2] som skildra korleis ein samurai skulle leve og døy. Desse tradisjonane varte lenge etter samuraiane, og var viktige i den japanske hæren heilt til etter andre verdskrigen. Samuraiane mista dei fleste av privilegia sine under Meijirestaurasjonen i 1868.[1]

Den klassiske væpninga for ein samurai var to sverd, det lange katana og det kortare wakizashi, saman kalla daisho. Daisho blei bore i obi, på venstre side av kroppen. Katana var forboden å bere for ikkje-samuraiar.

Sjølv om det ikkje finst samuraiar meir så lever dei vidare som eit symbol for det historiske Japan og for klassisk krigarmoral. Dei blir ofte skildra i filmar, tv-seriar, bøker og teikneseriar både i Japan og i resten av verda. Variantar av stridsteknikkane deira lever vidare i dag som moderne budo-kampsportar som iaido, kendo og judo.

Sjå òg

Kjelder

Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.