Sataniske vers
Sataniske vers er nemning for ein episode i Muhammeds liv, belagt i nokre tidlege biografiar, men ikkje i andre. Episoden hengjer saman med den 53. sure «Stjerna» (an-Najm). Dei som avviser at versutsnittet ein gong var del av diktatet som ligg til grunn for Koranen, grunngjev dette blant anna med å påpeka at episodens isnad (attforteljingskjede) er for svak til å tilleggjast pålitelighet.
Skildring
Der dreier det seg om gamle guddomar som vart påkalla ved Kaabaen i Mekka. Ifølgje ein overlevering som Muhammed-biografen Ibn Saʿd[1] skrive ned i sit verk Kitāb aṭ-Ṭabaqāt, og som kommentatoren av Koranen og historikaren al-Tabari har omtalt i sin kronikk og korankommentar aksepterte Mohammed at gudinnene al-Latt, al-Uzza og Manāt vart påkalla, men at han tilbakekalte dei angjeldende versa etter ei kortare tid.[2]
Uttrykket
Uttrykket Sataniske vers stammar ikkje frå muslimsk hold. Det vart skapt av William Muir. Den første nytta av uttrykket «Sataniske vers» er knytt til William Muir (1858).[3] Han brukte den i-en sit verk Life of Mohamet (1858) i ein passasje som diskuterte «two Satanic verses».[4][5][6]
I arabiske krøniker og i korankommentarar verta uttrykket brukt «Traneberetningen» (qiṣṣat al-ġarānīq, قصة الغرانيق).
Romanen Sataniske vers frå 1988
Saka fekk fornya aktualitet med Salman Rushdies roman i 1988, Sataniske vers. Romanen, som vart rost for sina litterære kvalitetar, provoserte fram både usemje og sinne blant muslimar, men langt frå berre på grunn av ein uærbødig omgang med Trane-teksta. Muslimar over heile verda protesterte mot utgjevinga av boka, og Ayatollah Khomeini i Iran dømde Salman Rushdie og William Nygaard d.y. (ein fatwa) til døden, då det vart påstått at boka spotta Muhammed og hans koner.