Senking

Ei senking eller ein depresjon er ei landform som ligg lågare enn det omliggande terrenget. Senkinga kan oppstå ut frå forskjellige mekanismar og har forskjellige namn og tekniske uttrykk etter korleis dei har oppstått:

Great Blue Hole utanfor Belize, ei marin senking eller blått hol.
  • Ein graben er ein nedfelt og vanlegvis lineær senking eller bekken som oppstår gjennom riftdanning under tektoniske spenningskrefter.
  • Eit nedslagskrater er ei senking som er danna av nedslag som eit meteorittkrater.
  • Eit subsidenskrater er ei senking som vert danna ved subsidens der overflata søkk saman eller gjev etter på grunn av holrom under overflata.
  • Ei dødisgrop eller grytehol vert danna av is som ligg att etter ein isbre og som så smeltar.[2]
  • Ei senking kan vere ein region med der overflata vert pressa nedover av tektoniske prosessar, ofte tilknytt ein subduksjonssone eller ein øyboge.
  • Ein dal er ein type senking som vanlegvis er grave ut av erosjon.
  • Ei senking kan oppstå som følgje av vekta av noko som ligg opp på overflata, som ei. Området rundt ei iskappe, sjølv om dei ikkje er dekte av is, kan òg bli dradd ned av vekta under isen. Dette vert kalla perifer senking.[4] Lenger borte frå isen kan det oppstå ein svull i overflata, som dannar ein låg ås.[5]
  • Ei senking kan vere ei jettegryte - anten eit enkelt hol i ein vegbane eller ein senking i eit elveleie på grunn av fluvial erosjon eller i område påverka av sterke straumar i sjøen.

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen