Serbia i Eurovision Song Contest

Serbia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke fjorten gongar. Serbia deltok tidlegare som ein del av Jugoslavia, sidan som ein del av Serbia og Montenegro, og frå 2007 som ein sjølvstendig nasjon. Serbia vann tevlinga på sitt aller fyrste forsøk som eigen nasjon; ingen andre land har klart å vinne Eurovision Song Contest på fyrste forsøk. Serbia har aldri kome sist, men har tre gongar ikkje kvalifisert seg til finalen.[1]


Serbia


RTS
Uttakingar
Nasjonalt10
Internt4
Deltaking
Debutår2007
Deltakingar14
Beste resultat
Semifinalen1 (2007)
Finalen1 (2007)
Verste resultat
Semifinalen11 (2013 og 2017)
Finalen19 (2018)
Poeng
Semifinalane1 609
Finalane1 583
Totalt3 192

Historikk

Serbia var tidlegare ein del av Jugoslavia, som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Åra etter og fram til 2003, fekk ikkje landet deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

Føderasjonen Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og begrunna det med at for mange land ville bli ståande utafor finalen om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ein montenegrinsk folkeavrøysting om lausrivelse. Montenegro erklærte sin sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjølvstendige land i Eurovision Song Contest 2007.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest.

Vann i debuten

I 2007 debuterte Serbia som ein sjølvstendig nasjon, og balladen til Marija Šerifović, «Molitva», vann tevlinga etter å ha fått 268 poeng. Serbia vart med det det fyrste landet til å vinner Eurovision Song Contest på fyrste forsøk, sidan Sveits vann den aller fyrste utgåva av tevlinga i 1956. Som fylgje av sigeren til Šerifović vart Eurovision Song Contest 2008 arrangert i hovudstaden til Serbia, Beograd. Som arrangør var Serbia direktekvalifisert til finalen, og det serbiske bidraget, Jelena Tomašević og songen «Oro», enda til slutt på ein sjetteplass.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var landets berømte songar og komponist, Željko Joksimović, tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den førebels dårlegaste plasseringa til Serbia kom året etter då Moje 3 og songen «Ljubav je svuda» berre vart nummer 11 i sin semifinale. Dette var andre gongen Serbia ikkje kvalifiserte seg. Fire år seinare, i 2017, vart rekorden tangert, då Tijana Bogićević og songen «In Too Deep» også kom på ellevteplass i sin semifinale.

I 2009 kvalifiserte ikkje Serbia seg til finalen, og to middels plasseringar følgde i 2010 og 2011. I Baku i 2012 var den kjende songaren og komponisten Željko Joksimović tilbake og sikra Serbia ein tredjeplass i finalen. Den foreløpig dårlegaste plasseringa til landet kom året etter då «Ljubav je svuda» av Moje 3 berre blei nummer 11 i den første semifinalen. Dette var andre gong Serbia ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Etter den serbiske debuten i 2007, har Serbia berre stått utanfor tevlinga éin gong. Hausten 2013 annonserte den serbiske kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at landet ikkje kom til å deltake i tevlinga i 2014. Årsaka var den anstrengte økonomiske situasjonen til tv-kanalen og mangel på sponsorar.[6] Men Serbia sendte alle tre showa og kom tilbake til Eurovision Song Contest igjen i 2015.[7]

Bidrag i Eurovision Song Contest

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2007Marija Šerifović«Molitva»Serbisk26812981
2008Jelena Tomašević med Bora Dugić«Oro»Serbisk1606Direktekvalifisert
2009Marko Kon og Milaan«Cipela»SerbiskIkkje kvalifisert6010
2010Milan Stanković«Ovo je Balkan»Serbisk7213795
2011Nina«Čaroban»Serbisk8514678
2012Željko Joksimović«Nije ljubav stvar»Serbisk21431592
2013Moje 3«Ljubav je svuda»SerbiskIkkje kvalifisert4611
2014Deltok ikkje
2015Bojana Stamenov«Beauty Never Lies»Engelsk5310639
2016Sanja Vučić ZAA«Goodbye (Shelter)»Engelsk1151810510
2017Tijana Bogićević«In Too Deep»EngelskIkkje kvalifisert9811
2018Sanja Ilić og Balkanika«Nova Deca»Serbisk113191179
2019Nevena Božović«Kruna»Serbisk89181567
2020Hurricane«Hasta la vista»SerbiskTevling avlyst
2021Hurricane«Loco Loco»Serbisk102151248
2022Konstrakta«In corpore sano»Serbisk og latin31252373
2023Luke Black«Samo mi se spava»Engelsk og serbisk

Røystehistorikk

Finalane (2007–2022)

Serbia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Italia82
02 Russland73
03 Ungarn68
04 Ukraina66
05 Bosnia-Hercegovina61

Serbia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Nord-Makedonia150
02 Montenegro138
03 Kroatia131
04 Slovenia129
04 Sveits110

Semifinalane (2007–2019)

Serbia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Nord-Makedonia89
02 Ungarn88
03 Kroatia72
04 Slovenia59
05 Montenegro57

Serbia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Slovenia86
02 Nord-Makedonia80
03 Frankrike69
04 Kroatia68
05 Montenegro65

Galleri

Vertskap

ÅrStadArenaProgramleiarar
2008BeogradBeogradska ArenaJovana Janković og Željko Joksimović

Sjå òg

Referansar

Kjelder