Sjølvmordsåtak

Eit sjølvmordåtak er eit åtak mot eit militært eller sivilt mål der åtakaren vil drepa andre medan han veit at han truleg sjølv vil døy under aksjonen.

Ein japansk kamikazepilot styrtdykkar ned mot USS «Essex» den 25. november 1944.

Sjølvmordåtak er blitt utførte med bilar fylt med eksplosiv, passasjerfly med store mengder brensle og av personar som ber klede eller belte fylt med eksplosiv. Slike åtak blir ofte utført mot mange menneske som er samla i transportmiddel som bussar, fly og undergrunnstog eller på marknader. Bakgrunnen for slike åtak er ofte politisk og/eller religiøs.

Sjølvmordsåtak har funne stad gjennom heile historia. Japanske kamikazepilotar under andre verdskrigen er eit kjend døme. Det moderne fenomenet oppstod i 1980-åra. Etter åtaket på MNF i Beirut i 1983, som drap 300 og førte til at amerikanske og franske troppar trekte seg ut av Libanon, har taktikken spreidd seg til grupper som Den tamilske tigraneSri Lanka og islamistiske gruppe som Hamas.

Talet på sjølvmordsåtak har vokse mykje i seinare år; frå under fem om året i 1980-åra til 180 om året i byrjinga av 2000-åra og til 460 i 2005.[1] Det er særleg militære og sivile mål på Sri Lanka, israelske mål i Israel og sidan den USA-leidde invasjonen av Irak i 2003 irakarar som er blitt hardt ramma av sjølvmordsåtak. Eit av dei valdsamaste sjølvmordsåtaka i nyare tid føregjekk den 11. september 2001, då terroristar med tilknyting til Al-Qaida flaug to fly inn i World Trade Center i New York og drap seg sjølv og 3 038 andre.

Eksplosjonane i Stockholm den 11. desember 2010 var etter alt å dømma det første sjølvmordsåtaket i Norden.

Nokre forskarar meiner at depresjon hjå gjerningsmannen spelar ei rolle i eit sjølvmordsåtak; det vil seie at det primære målet med slike åtak er sjølvmord.

Kjelder