Terner

underfamilie av fuglar
(Omdirigert frå Sterninae)
Terner
Hinduterne Sterna paradisaea
Hinduterne Sterna paradisaea
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Neoaves
Orden:Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden:Lari
Familie:Måsefamilien Laridae
Underfamilie:Terner Sterninae

Terner er eit utval av slektene i måsefamilien, Laridae. Ternene er slanke fuglar med lange venger og kløfta hale. Dei fleste lever ved kysten, på havet, andre i innlandet ved elvar og innsjøar. Terner finst utbreidd over heile verda med til saman 41 artar i 9 slekter. I nyare biologiske systematikk finn ein ofte ternene som ein medlem av eller underfamilie Sterninae av måsefamilien, Laridae.[1] Terner kan elles vere klassifiserte som ein sjølvstendig biologisk familie, ternefamilien, Sternidae.[2]

Skildring

Dvergterne, Sternula albifrons
Foto: JJ Harrison
Alveterne, Sternula nereis
Foto: Drew Avery
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Foto: Kevin Cole
Inkaterne, Larosterna inca
Foto: Cristóbal Alvarado Minic

Mange terneartar som hekkar i tempererte soner er har lange trekkruter, mykje sannsynleg ser raudnebbterna meir dagslys enn nokon annan skapning, ettersom ho vandrar frå oppvekststader nord mot Arktis sør til Antarktis. Ein unge av raudnebbterne som blei ringmerka på Farne-øyane utanfor Nordaust-England sommaren 1982, nådde Melbourne i Australia i oktober same året, etter ei flyging på over 22 000 km over hav på berre tre månader. I gjennomsnitt er det 240 km per dag, og ei av dei lengste reisene som er registrert for nokon fugl.

Terner har kvit eller grå fjørdrakt, ofte med svart hette på hovudet. Dei har tynt, langt nebb og slankare og meir straumlinjeforma kroppsform enn måsar. Med lange halefjør og lange venger ser dei elegante ut i flukt. Terner i slekta Sterna har djupt gaffeldelte halar, i Chlidonias og inkaterne har mindre gaffeldelte halar, medan noddyar i slektene Anous, Procelsterna og Gygis har meir taggforma hale, dei midtytste halefjørene er dei lengste, ikkje dei sentrale eller dei ytste. Terner varierer i storleik frå dvergterne på 42 gram og 23 cm, til rovterne på 630 g og 53 cm.

Dei fleste terner, Sterna og noddyer, fangstar fisk ved stupdykking. Terner med våtmarkshabitat, Chlidonias, plukkar insekt frå overflata av ferskvatn. Terner har sjeldan glideflukt, men nokre få artar, og då spesielt sotterne, kan sveve høgt over havet. Terner sym sjeldan, jamvel om dei har symjehud på føtene, om dei då ikkje badar.

Terner hekkar i store, tettpakka koloniar. Reiret kan vere ei grop i bakken eller i sparsam samling av kvistar og flytande vegetasjon. Terner har generelt høg levealder til fuglar å vere, ein veit no at fleire artar kan leve i overkant av 25-30 år.

Artsliste terner

Terner, underfamilie Sterninae, i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[5]

Raudnebbterne og makrellterne er vanlege hekkefuglar i Noreg medan dvergterne, splitterne og rovterne har hekka sporadisk.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Terner