Stupa

Stupa eller dagoba er haug- eller kuppelforma byggverk brukt innan buddhismen til å halda relikviar i og til å symbolisera viktige buddhistiske idear.[1]Stupaen kan vera eit symbol for Buddha og hans frigjering frå gjenføding eller nirvana.[2]Byggverket kan vera fokus for buddhistiske kloster, bønehallar eller tempel.Stupaen kan førast tilbake til grunnleggigna av religionen, og har vore viktige valfartsstader frå byrjinga.[3]

Den store stupaen i Sanchi.
Chaukhandi-stupaen i Sarnath.

Ordsoge

Indo-gresk stupa i Sirkap i Taxila i Pakistan.

Stūpa er eit sanskritord; på pali er namnet thūpa.[4]hindi og nærskylde språk er namnet blitt til tōp.[5]sinhalesisk er strukturen kjend som dāgaba (av pali dhātugabbho og sanskrit dhātu-garbha, 'relikvie-haldar').[6]

Opphav

Stupaen har opphav i den indiske gravhaugskikken caitya, der ein haugla viktige leiarar. Ifølgje Hīnayāna Mahāparinirvāṇa Sūtra bad Buddha sjølv tilhengjarane hans om å minna han og mogleiken for å oppnå nirvana slik.[1]

Skildring

Kvit stupa i Mongolia.
Stupaer ved Wat Pho i Thailand.

Stupaer har typisk form som halvkuler eller klokker. På toppen kan dei ha eit spir og ein eller fleire stiliserte parasollar (chattra).[7] Rundt ein stupa finst det vanlegvis murar og portalar.[2] Det finst også ein veg rundt dei til å utføra rundgang - pradakhshina.

Enkle stupaer er kjegleforma jordhaugar med gjerde rundt som markerer at dei er eit heilag område. Tidlege stupaer som framleis finst er frå Bharhut (100-talet f.Kr.) og Sanchi, begge i Madhya Pradesh i India. Det finst også tidlege døme i Sarnath ved Varanasi og i Nalanda.[3]

Etterkvart blei det vanleg å byggja stupaer i stein eller murstein og kvitkalka dei.[3] Ein kunne også byggja spir på haugen.[4] Stupaer kunne bli stadig meir forseggjorte byggverk, pynta med relieff og medaljongar.[3]

Ein kunne plassera stupaer på soklar eller terrassar, og byggja inn nisjer der ein plasserte religiøse figurar.[3]Innan austasiatisk byggjeskikk blei det også vanleg å byggja stupaer som pagodar, med mange etasjar med enkelttak.[4] Slike pagodar kan vera opptil 60 m høge.[3]

Gyllen stupa i Tibet.
Gyantse Kumbum (stupa)

Nokre stader kunne stupaer gje grunnlag for tempel med fleire etasjar, som i Tibet, der innsida av veggane kan ha freskar som viser den buddhistiske gudeverda. Stupaen i Gyantse frå 1500-talet er velkjend for dette.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Stupa