Synkopetida
Synkopetida (500–700-talet) er den siste delen av urnordisk tid. Denne tidbolken vert òg kalla yngre urnordisk tid.Urnordisk tid reknar ein frå 200- til 700-talet. Språket i Noreg og Skandinavia i denne tidbolken vert kalla urnordisk, eller nordgermansk.
«Synkopetid» er samansett med ordet «synkope», og viser til at vokalar inne i orda fall bort, slik at orda vart kortare. Til dømes reknar ein med at det urnordiske ordet for 'mann', wiraR blei korta ned til norrønt verr.[1]
Omlydar og brytingar var òg viktige språklege endringar i denne perioden. Ved byrjinga av norrøn tid, rundt 700, reknar ein med at språket hadde stabilisert seg til norrønt.
Futhark, den eldste runerekkja, vart nytta som skrifttegn i synkopetida.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen