Talkshow

Talkshow er eit underhaldningsprogram, send på fjernsyn, radio eller internett, der ein eller fleire programleiarar pratar med kjende eller aktuelle personar.

Alessandra Riva med gjest i det italienske talkshowet Il Salotto di Leandra i 2018.

Det fyrste talkshowet som vart vist på fjernsyn vart sendt på den lokale amerikanske fjernsynskanalen WJZ-TV i 1951.[1] Programmet var leia av Joe Franklin. Det vart fyrst sendt på vekedagar, men flytta etterkvart til laurdagskvelden.[2]

Ulike typar

Det finst ulike typar og format innanfor kategorien talkshow. Felles er at dei er tilpassa med innhald for dei ulike programblokkene på ein kanal.

  • Morgonprogram som tar for seg ei blanding av nyhende, intervju med kjendisar og musikalske innslag.
  • Ettermiddagsprogram som liknar i form på morgonprogramma, men utan nyhendeinnslag.
  • Kveldsprogram som i størst grad baserar seg på intervju med kjendisar og musikalske innslag. Programleiarane er ofte komikarar, og starten av programmet blir ofte innleia med ein monolog.
  • Nyhendeprogram der aktuelle saker blir tatt opp. Slike program blir som oftast spelt inn utan publikum.

Sjangeren i Noreg

Liste over norske talkshow

Morgonprogram

  • God Morgen Norge (1994-)
  • Frokost-TV (1983-1993)

Kveldsprogram

  • Lindmo (2012-)
  • Praktisk info med Jon Almaas (2017-)

Nyhendeprogram

  • Torp (2016-2020)

Kjelder

Bakgrunnsstoff