The Roundhouse

The Roundhouse er ein tidlegare lokomotivstall i Chalk Farm i London i England, som vart omgjort til konsertlokale. Det vart opphavleg bygd i 1847 som ei rundt lokomotivstall (engelsk: roundhouse, som staden har namn etter), ein rund bygning med ein dreieskive for lokomotiva. Det vart berre nytta for lokomotiv i kring ti år, før det i mange år vart nytta som lager. Bygningen stod tom og unytta like før den andre verdskrigen. Han vart opna 25 år seinare som konsertstad og teater, då Arnold Wesker oppretta Centre 42 Theatre Company og omgjorde bygningen til teater.[1]

The Roundhouse

ArkitektRobert Stephenson
Kart
The Roundhouse
51°32′36″N 0°09′07″W / 51.5432°N 0.1519°W / 51.5432; -0.1519

Det var her undergrunnsavisa International Times vart lansert i 1966,[2] The Doors spelte den einaste konserten sin i Storbritannia her i 1968[3] og Greasy Truckers Party i 1972.[4]

Greater London Council gav kontroll over bygningen til Camden London Borough Council i 1983. Centre 42 hadde då gått tom for pengar og bygningen stod tom fram til lokale føretaksmenn kjøpte bygningen i 1996 og han igjen vart nytta som konsertstad. Han vart lukka igjen i 2004 for ei stor ombygging. 1. juni 2006 var Broadwayshowet Fuerzabruta sett opp og opna det New Roundhouse.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: The Roundhouse