Troms Fylkes Dampskibsselskap

Troms Fylkes Dampskibsselskap ASA (TFDS ASA) er eit norsk reiarlag som vart stifta i 1866 under namnet Tromsø Amts Dampskibsselskap. Med utgangspunkt i Nord-Noreg utvikla reiarlaget seg til å verta ein nasjonal og internasjonal aktør innanfor transport og reiseliv, med Hurtigruten som den største verksemda. Etter at selskapet ved utgangen av 2004 vart majoritetseigar i AS TIRB, hadde TFDS-gruppa over 2 000 tilsette. Gruppa disponerte ein flåte på 38 skip, 123 bussar samt 86 gods- og varebilar. Hovudkontoret låg i Tromsø. Administrerande direktør var Henrik Andenæs, og styreleiar var Ole Lund.

MS «Nordlys» i Hammerfest med skorsteinfargane til TFDS.

TFDS kom inn i Hurtigruten i 1979 ved at Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) selde sine fire hurtigruteskip til TFDS.

Dei to hurtigruterederiene Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS) og TFDS vedtok i desember 2005 å slå seg saman. Fusjonen vart gjennomført 1. mars 2006. Det nye selskapet fekk namnet Hurtigruten Group, men namnet vart i 2007 endra til Hurtigruten ASNE. Selskapet hade då ein omsetnad på rundt fire milliardar kroner årleg, og kring 3 400 tilsette. Administrerande direktør vart Jan Kildal (OVDS) og ny styreleiar vart Ole Lund (TFDS). Hovudkontoret for hurtigruten vart lagt til Narvik, medan kontoret for ferjar og hurtigbåtar vart lokalisert i Tromsø.

Dei to sistnemnde verksemdene vart etter kvar overteke av Torghatten trafikkselskap i Brønnøysund, og utskilt som eit dotterselskap av dette, under namnet Torghatten nord og enno tilhald i Tromsø.

Hurtigruteskip

Liste over hurtigruteskip som TFDS har ått inntil 2006.

  • MS «Midnatsol» (1949) («Midnatsol II»)(1979-1983)
  • MS «Nordlys» (1979-1983)
  • MS «Polarlys» (1979-1993)
  • MS «Nordstjerna» (1979-2006)
  • MS «Midnatsol» («Midnatsol II» og «Lyngen»)(1982-2006)
  • MS «Ragnvald Jarl» (1989-1995)
  • MS «Harald Jarl» (1989-2001)
  • MS «Kong Harald» (1993-2006)
  • MS «Nordlys» (1994-2006)
  • MS «Polarlys» (1996-2006)
  • MS «Trollfjord» (2002-2006)
  • MS «Midnatsol» (2003-2006)

Hurtigbåt

MS «Fjordkongen».
  • MS «Fjorddronninga II»
  • MS «Fjorddronninga»
  • MS «Fjordkongen»
  • MS «Fjordprinsessa»
  • MS «Reinfjord»
  • MS «Tromprinsen»
  • MS «Vågsfjord»

Ferjer

  • MF «Andfjordferja»
  • MF «Dyrøy»
  • MF «Fløytind»
  • MF «Godfjord»
  • MF «Gullesfjord»
  • MF «Helgøy»
  • MF «Hålogaland»
  • MF «Karlsøy»
  • MF «Kvaløy»
  • MF «Kveøy»
  • MF «Malangen»
  • MF «Mjølhorn»
  • MF «Ol Bull»
  • MF «Reinøy»
  • MF «Salangen»
  • MF «Vaggasvarre»
  • MF «Vardehorn»
  • MF «Vengsøy»

Offshorefartøy

  • MS «Troms Tjeld»
  • MS «Troms Skarven»
  • MV «Aldoma»
  • MV «Kovambo»

Andre skip

  • KV «Tromsø»
  • MS «Grytøy»
  • MS «Lance»
  • Testfartøy LMN
  • Testfartøy RJO

Bakgrunnsstoff