Urtete

Urtete er ein drikk laga av friske eller tørka urter eller krydder.[1] Ein kan bruka blad, blomar, frukter eller røter til å laga urtete, anten heile, i stykke eller i pulverform. Teen kan lagast som uttrekk, det vil seia ved å leggja plantematerialet i varmt vatn over tid, eller ved å koka det i vatn.

San pao tai, ein urtete frå huifolket i Lanzhou i Kina.

Ein kan laga urtete heime, eller kjøpa ferdige pulver eller teposar. Teen kan drikkast varm eller kald. Populære typar blir ofte selde på flaske som leskedrikk.

Til skilnad frå te laga av materiale frå teplanten, inneheld urtetear som regel ikkje koffein.[2] Dei kan i staden innehalda andre stoff, og kan til dømes brukast til urtemedisin. Høge dosar av visse typar urtete kan ha skadelege verknadar.

Helserisiko

Dei fleste urtetear er trygge å drikka til vanleg, men ein del urter kan innehalda giftstoff eller forårsaka allergiske reaksjonar. Nokre plantar ein bør passa seg for er:

  • Valurt, som inneheld alkaloid som kan vera skadelege for leveren ved langvarig bruk, og særleg ikkje er anbefalt å innta ved svangerskap eller saman med ein del medisinar.[3]
  • Lobelia, som inneheld alkaloid, kan føra til kvalme, oppkast eller svimmelheit ved høge dosar.[4]

Urter frå visse stader kan innehalda ugrasmiddel eller tungmetall som kan vera skadelege.[5][6][5]

Vanlege typar

Ulike plantedelar som kan brukast til å laga urtete.
Bambusbladte frå Korea.
Urteteblanding med rooibos, kokos, ingefær, kanel, eple, kardemomme, svart pepar og mandel.
Kaffiblomte
Ginsengte på flaske.

Ein kan laga urtete av dei fleste etande plantedelar, og kombinera ulike slag delar. Nokre vanlege typar urtete er:

  • Aniste, anten laga av frøa eller blada til planten
  • Asiaskjoldblad (Centella asiatica), blada blir brukt til te i Sør- og Søraust-Asia
  • Artisjokkte
  • Bael (Aegle marmelos)
  • Boldo (Peumus boldus), brukt i Sør-Amerika
  • Bringebærblad
  • Bokkveitete, kjend som sobacha i Japana
  • Borrete
  • Byggte, austasiatisk drikk av røsta bygg
  • Cerasse, ein bitter urt frå Jamaica
  • Dillte
  • Fenikkel
  • Furunålte
  • Ingefærrot kan brukast til urtete. Denne typen te er kjend som salabat på Filippinane.
  • Ginseng, populær i Kina og Korea, ofte brukt som stimulant og i staden for koffein.[7]
  • Goji
  • Granbarte
  • Gresk fjellte (Sideritis syriaca) er ein populær te på Balkan og Middelhavslanda.
  • Gurkemeiete
  • Hibiskuste (ofta blanda med nyper), drukken varm eller kald i Midtdausten, på Okinawa i Japan, og brukt i ayurvedisk og tradisjonell kinesisk medisin
  • Houttuynia
  • Hortensiate, tørka blad av visse hortensiaslag. Mange artar inneheld giftstoff. «Trygge» plantar høyrer til Hydrangea serrata Amacha ('søt te') kultivargruppe.[8]
  • Jiaogulan, også kjend somxiancao eller 'fattigmanssginseng'
  • Kamomille[9][10][11]
  • Kanel
  • Kavarot, frå Sør-Stillehavet, ofte brukt for å gjera folk avslappa eller snakksalige.[12]
  • Karve, teen blir laga av frøa
  • Kokate, uttrekk av kokablad. Inneheld sporstoff av kokain og liknande alkaloid.[13]
  • Kakaotre
  • Kaffiplante. Blad, frukt og blomar kan trekkast til te.
  • Kratom, tørka blad frå kratomtreet, drukke for medisinske og stimulerande effektar.[14][15]
  • Krysantemumte, laga av tørka blomar, er populær i kinesisk kultur
  • Kuzuyu, ein tjukk kvit te frå Japan laga gjennom å blanda kudzupulver med varmt vatn
  • Labradorte, laga av tre arktiske rhododendronartar
  • Luo han guo
  • Lakrisrot
  • Legevendelrot, brukt bedøvande[16]
  • Lindeblomar
  • Lindera benzoin (|Spicebush), urfolk frå austlege Nord-Amerika har brukt blada til å laga te
  • Lotusfrøte
  • Løvetann, der røtene har vore brukte som kaffierstatting
  • Monarda (hestemynte)
  • Myntete, særleg med peparmynte
  • Moringa
  • Myske (Galium odoratum)
  • Neemblad
  • Nesleblad
  • Nonite
  • Nypete
  • Oksusu cha, tradisjonell te frå Korea av rista mais
  • Olivenbladte
  • Osmanthus fragrans av tørka blomar
  • Pandan (Pandanus amaryllifolius)
  • Patchoulite
  • Prikkperikum
  • Qishr, drikk frå Jemen av kaffiskal og ingefær
  • Raudkløverte
  • Rista ris, kjend som hyeonmi cha i Korea
  • Rooibos (Red Bush), raudleg plante frå Sør-Afrika.
  • Rosellhibiskus, drukken i Sahel og andre stader
  • Rosmarin
  • Ryllik
  • Sakurayu, japansk urtete laga med sylta kronblad av kirsebærblomar
  • Salvie
  • Sassafras
  • Scutellaria barbata
  • Sitrongras
  • Sitronmelisse
  • Sitrusskal, mellom anna frå bergamott, sitron og appelsin
  • Solhatt (Echinacea)
  • Stevia
  • Taskeblom (Ceanothus americanus)
  • Timian, inneheld tymol, som er antiseptisk[17]
  • Tulsi eller heilag basilikum
  • Uncaria tomentosa
  • Valmuete, kan ha bedøvande eigenskapar
  • Verbena
  • Vetiver (Chrysopogon zizanioides)
  • Voksagurk i Aust- og Søraust-Asia.

Kjelder