White Room

White Room
Singel av Cream
frå albumet Wheels of Fire
B-side

«Those Were the Days»

UtgjeveJanuar 1969[1]
InnspeltJuli 1967-april 1968 i Atlantic Studios i New York City
SjangerPsykedelisk rock, hardrock
Lengd4:56 (album)
3:04 (singel)[1]
SelskapPolydor
TekstforfattarJack Bruce
Låtskrivar(ar)Jack Bruce
Pete Brown
ProdusentFelix Pappalardi
Cream-kronologi 
«Sunshine of Your Love»
(1968)
White Room«Crossroads»
(1969)


«White Room» er ein song med tekst av Pete Brown[2] og musikk av Jack Bruce. Songen vart spelt inn av Cream og henta som singel frå albumet Wheels of Fire i 1968.

Komposisjon

Etter at bassist Jack Bruce skreiv gitarparten, skreiv tekstforfattaren Pete Brown ein tekst med fargerike fire fire-stavingar lange uttrykk, laust basert på bilete av ein som ventar på ein engelsk jernbanestasjon påverka av dopet han har teke. «White Room» er kjend for den uvanlege 5/4-takten i introduksjonen og mellomspelet, triolane spelt på tam-tamane av Ginger Baker og den tornande basstrommene. «White Room» er òg kjend som det beste dømet på gitarist Eric Clapton sin bruk av Vox Clyde McCoy Picture Wah i mellomspelet og den lengre soloen.

Medverkande

Cream

  • Jack Bruce - Bassgitar, vokal
  • Eric Clapton - Gitarar
  • Ginger Baker - Trommer, pauke

I tillegg

Ettermæle

I lag med «Sunshine of Your Love» og «Crossroads», er «White Room» ein av dei mest kjende songane til Cream, og nådde sjetteplass i USA i 1968[3] og 28. plass i Storbritannia i 1969.[4]

«White Room» vart plassert på 367. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre versjonar

Songen er spelt av mange andre artistar

  • Jeff Healey, på Classic Rock Magazine's Guitarmageddon Vol. 2 samleplate, nummer 136
  • Waylon Jennings
  • Robert M. K. Hinz/Julia Degenhardt
  • Joel Grey
  • Frank Gambale (i jazz-fusion-stil)
  • Rudy Trevisi (i discostil i 1979)
  • Iron Butterfly
  • Flower Travellin' Band
  • Pat Travers
  • Ringo Starr and His All-Starr Band (med Jack Bruce, og to eller tre trommeslagarar i lag samstundes)
  • Helloween
  • Demons & Wizards
  • Ring of Fire
  • Iced Earth
  • Jimmy Barnes
  • The Bobs
  • The Guess Who
  • The Vines
  • The Stranglers
  • Hugh Cornwell og Robert Williams
  • Vassar Clements
  • BBM
  • Songen vart spelt av Eric Clapton i Philadelphia under Live Aid-konserten i 1985 med Phil Collins på trommer
  • Eric Clapton har sidan spelt songen live på 24 Nights.
  • Sheryl Crow spelte songen med Clapton på Central Park-konserten hennar
  • Rik Emmett

Kjelder

Bakgrunnsstoff