Meitemakk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddmakkar Annelida |
Klasse: | Clitellata |
Underklasse: | Fåbørstemakkar Oligochaeta |
Orden: | Haplotaxida |
Underorden: | Meitemakk Lumbricina |
Overfamilie: | Lumbricoidea |
Familie: | Meitemakk Lumbricidae Claus, 1876 |
Meitemakk og beitemakk (eller -mark) er leddmakkar som lever i jorda. Dei høyrer til familien Lumbricidae og det er over 6000 ulike artar. Meitemakkar grev seg gjennom jorda, noko som drenerer og lufter henne, og er viktig for jordkvaliteten.
Meitemakkar har ikkje auge, men lysømfintlege celler (fotoreseptorar) i huda, særleg på fremre delen av kroppen. Han pustar med huda.
Meitemakken lever av organisk materiale, som rotnande planterester. Dei dreg med seg dødt lauv ned under bakken, og er dermed med på å tilføra jorda ekstra næringsstoff. Makkane grev og lager gangar som gjer at det kjem luft ned i jorda, noko som er nyttig for plantane som veks der. Meitemakkar trivst best i feit, fin matjord, men dei finst nesten overalt, også i ganske sandhaldig eller sur skogsjord.
Det er 11 artar av meitemakk i Noreg. Den lengste kan bli 30 cm.