Llullaillaco er den nest høgste aktive vulkanen i verda, Ojos del Salado er den høgste. Llullaillaco er også den femte høgste vulkanen i verda og det sjuande høgste fjellet på den vestlege halvkula.[3] Llullaillaco er som dei fleste vulkanane på Puna de Atacama omgitt av masser av store sundknuste steinblokker. Toppen er stendig dekt av snø og små isbrear, trass det ekstremt turre klimaet i området.
Namnet på vulkanen kjem frå aymara og tyder 'skitvatn'. Kulturgjenstandar som ein har funne på toppen av Llullaillaco provar at menneske har vore til topps på fjellet før 1800-talet.