Aboriginar

Australias urfolk

Aboriginar (latin ab origine, 'frå byrjinga') er ei samnemning for australske urfolk. Ho omfattar som regel ikkje urfolka frå Torres Strait Islands, som har papuansk opphav.

Den australske aboriginarflagget, utforma av Harold Thomas

Historie

Dei aller første aboriginane kom til Australia via Søraust-Asia for minst 65 000 år sidan, og danna opptil 500 ulike språkbaserte grupper.[1]

Dei førte ein nomadisk livsstil som jegerar og samlarar. Arbeidet var ofte fordelt slik at kvinner samla råvarer til mat, klede og verktøy medan menn jakta med spyd, slynger og bumerangar. Maten og andre ressursar blei så delt av alle medlemmene i ein klan som gjerne var sett saman av eit par brør med koner og ungar. Fleire klanar utgjorde ein stamme som søkte saman og hjelpte kvarandre i uår.

Sjå òg

Kjelder

Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.