Algebraisk geometri
Algebraisk geometri er ei grein av matematikken som nyttar abstrakt algebra, spesielt ringar og kommutativ algebra, for å formulere og løyse geometriske problem.
Greina har ein sentral plass i moderne matematikk og har fleire bruksområde som blant anna kompleks analyse, topologi og talteori. Eit døme er Andrew Wiles bevis for Fermats siste sats som nyttar seg av teknikkar frå algebraisk geometri om elliptiske funksjonar.
Innanfor algebraisk geometri skilst det mellom to undergreiner, klassisk og moderne algebraisk geometri. I klassisk algebraisk geometri studerer ein nullpunktsmengder av funksjonar, såkalla varietetar, ved hjelp av ringar av polynom. I moderne algebraisk geometri studerer ein skjema ved hjelp av kategoriar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- R.C. Churchill: A brief introduction to algebraic geometry Arkivert 2010-06-15 ved Wayback Machine..
🔥 Top keywords: HovudsideSpesial:SøkCarles PuigdemontMarie AntoinetteSpesial:Siste endringarVerdas landDet norske alfabetetPeer Gynt-prisenEWikipedia:KontaktKrøllalfaDiktAndre verdskrigenSionistWikipedia:ArbeidskontoretNasjonaldyrOslo kommuneWikipedia:OmChampions LeagueHjelp:InnhaldCristiano RonaldoBergen kommuneWikipedia:VelkomenAsker kommuneNasjonalrettWikipediaTidslinje over norsk historieNazismeArab al-Aramshe17. aprilWikipedia:Utvald artikkelPaparoa nasjonalpark27-årsklubbenEli Kari GjengedalIngvild KjerkolUSAMBrennverdiJordbruksrevolusjonen