Anaheim

Anaheim er ein by i delstaten California i USA. Byen ligg 25 km aust for Long Beach, og er ein del av storbyområdet Los Angeles–Long Beach-Santa Ana med om lag 12,8 mill. innbyggjarar i 2010.

Anaheim
Anaheim i 1922
Land USA
FylkeOrange County
Areal130,7 km²
Folketal 342 410
TidssonePST (UTC−8)
Kart
Anaheim
33°50′10″N 117°53′23″W / 33.836111111111°N 117.88972222222°W / 33.836111111111; -117.88972222222
Wikimedia Commons: Anaheim

Anaheim vart grunnlagd i 1857 av tyske vinbønder frå Bayern, og fekk bystatus i 1870. Namnet er sett saman av «Ana» frå Santa Ana River og tyske «heim», som tyder 'heim'.[1]I 1924 var byen forsøkt kuppa politisk av Ku-Klux-Klan, men i eit omval stemte 95 % KKK-medlemmane ut av byrådet.

Disneyland ligg i Anaheim.

Disneyland - som er den største arbeidsplassen i byen med om lag 23 000 tilsette - vart grunnlagd i 1955, og dette saman med industriell satsing innan elektronikk, landbruksmaskiner og flydelar endra Anaheim frå eit ruralt område med kring 15 000 innbyggjarar i 1950 til eit urbant senter med meir enn 105 000 innbyggjarar i 1960. Her ligg også Anaheim Stadium, Anaheim Convention Center og Honda Center som er heimebanen til Anaheim Ducks - eit ishockeylag i NHL som vann Stanley Cup i 2007. Espen «Shampo» Knutsen spelte for The Mighty Ducks i 1998.

Anaheim er også kjend som heimbyen til golfspelaren Tiger Woods og Rudolph Boysen som utvikla boysenbær, ei krysning av bringebær, bjørnebær og loganbær.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.