Ann Arbor

Ann Arbor er ein by i den amerikanske delstaten Michigan. Han er administrasjonssentrum i fylket Washtenaw County. Ved folketeljinga i 2010 hadde Ann Arbor 113 934 innbyggjarar, og var dermed den sjette største byen i Michigan. Han er kjend som ein universitetsby som huser University of Michigan.

Ann Arbor
by
Land USA
StatMichigan
FylkeWashtenaw
Areal71,7 km²
Folketal 113 934
Tidssone−5
Kart
Ann Arbor
42°16′53″N 83°44′54″W / 42.28138889°N 83.74833333°W / 42.28138889; -83.74833333
Wikimedia Commons: Ann Arbor, Michigan

Ann Arbor ligg ved Huron-elva, rundt 56 vest for Detroit. Busetjinga blei grunnlagd i 1824, og fekk namn etter ei av eller begge konene til grunnleggjarane John Allen and Elisha Walker Rumsey, Ann Allen og Mary Ann Rumsey, og eit treholt (arbor).[1]

University of Michigan flytta til Ann Arbor i 1837. Universitetet er ein viktig arbeidsgjevar med rundt 30 000 tilsette og over 40 000 studentar. Universitetet med sine forskingsmiddel og høgt utdanna folk har også bidrege til at mange høgteknologiselskap har etablert seg i byen.[2]

Jernbanelinja Michigan Central Railroad kom til staden i 1839. I 1851 fekk Ann Arbor status som by (city).[3] Etter ein tilbakegang i veksten under Den lange depresjonen i 1870-åra kom fleire innbyggjarar til frå 1880-talet.[4] Rundt 1900 hadde byen rundt 14 500 innbyggjarar. Han hadde ulike industriar som møbel- og pianoproduksjon, brygging, teppemaking og ikkje minst mølleverksemd, med Michigan Milling Company som ein hovudaktør.[5]

I 1960- og 1970-åra var byen tett knytt til den motkulturelle studentrørsla og venstreorientert aktivisme, som kampen mot Vietnamkrigen.[6] Dette fekk innverknad på lokalpolitikken då representantar frå Human Rights Party (HRP) blei valde inn i bystyret og kjempa for politikk som inkluderte borgarrettar, leigeregulering og mildare reaksjonar mot å ha marijuana.[7]

I 2000 hadde byen 114 024 innbyggjarar.[8] Gjennom dei siste tiåra har byen opplevd kraftig veksande tomteprisar, gentrifisering og vekst utover mot landsbygda. I 2003 blei det vedteke ein plan om å skipa eit grønt belte rundt byen der bystyret kjøpte rettane til jordbruksland rundt byen for å verna det mot utbygging.[9][10]

Ann Arbor blir jamt nemnd som ein av dei beste småbyane i USA å bu i.[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Ann Arbor frå Wikivoyage