Antonio Di Natale

italiensk fotballspelar

Antonio Di Natale (fødd 13. oktober 1977) er ein italiensk fotballspelar som har spelt for Udinese Calcio sidan 2004. Han vart gjort til kaptein for laget i 2007.

Antonio Di Natale
Personleg informasjon
Fullt namnAntonio Di Natale
KallenamnTotò
Fødd13. oktober 1977
FødestadNapoli
Høgd170 cm
PosisjonAngrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
ItaliaUdinese Calcio
Nummer10
Ungdomsklubbar
Italia Empoli FC
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1996-2004
2004-
Italia Empoli FC
ItaliaUdinese Calcio
159 (48)
264 (135)
Landslag
2002-2010Italia Italia36 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 24. juni 2010

Di Natale har halde seg til italiensk fotball. Offisielt har han spelt for Empoli og Udinese, men han har også vore på utlån til Iperzola, Varese og Viareggio. Han vart toppskårar i Serie A i både 2009-/10- og 2010-/11-sesongen. Han var Udinese sin toppskårar i serien også i 2007-/08-sesongen.

Internasjonalt har han delteke i EM i fotball 2008 og VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Under sistnemnte skåra han eitt av måla i kampen mot Slovakia som Italia tapte 3-2.

Di Natale har ein son og to døtrer.

Kjelder

  • Engelsk Wikipedia om Antonio Di Natale.