Arròs negre

Arròs negre er ein spansk matrett frå Valencia-regionen og Catalonia laga med blekksprut og ris. Retten liknar paella, men er farga grå eller svart av blekksprutblekket.[1][2][3] Ein kan også ha andre typer sjømat i, som krabbe, muslingar eller reker. Retten blir tradisjonelt servert med allioli.[4]

Arròs negre med krabbe, reker og blekksprut

Arròs negre tyder 'svart ris' på katalansk og valensiansk, på spansk (kastiljansk) heiter retten arroz negro. Eit anna namn på retten er arroz de pobre, 'fattigmannsris'.[2]

Kjelder