Arusha

Arusha er ein by i nordlege Tanzania, og regionshovudstad i Arusha-regionen. Ved folketeljinga i 2012 hadde han 416 442 innbyggjarar. Arusha er omringa av nokre av dei best kjende landskapa og nasjonalparkane i Afrika. Byen ligg nedanfor Mount Meru på den austre kanten av Riftdalen, og ligg i nærleiken av Serengeti, Ngorongorokrateret, Manyarasjøen, Olduvaikløfta, Tarangire nasjonalpark og Kilimanjaro. Dessutan ligg Arusha nasjonalpark på Mount Meru.

Arusha
by
Land Tanzania
RegionArusha-regionen
Areal1 590 km²
Folketal 416 442  (2012)[1]
Kart
Arusha
3°22′00″S 36°41′00″E / 3.3666666666667°S 36.683333333333°E / -3.3666666666667; 36.683333333333
Wikimedia Commons: Arusha

Arusha er eit viktig økonomisk senter.[2]Hovudkvarteret til Den austafrikanske fellesskapen ligg i Arusha.[3]Sidan 1995 har byen husa Det internasjonale tribunalet for Rwanda nedsett av SN.[4]I 2006 blei Arusha også heim for Den afrikanske menneskerettsdomstolen.[5] Det er ein fleirkulturell by med ein afrikansk majoritet og store arabiske og indiske minoritetar, og dessutan europearar og amerikanarar.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Arusha