Austaper

parvorden av pattedyr
Austaper
Systematikk
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Pattedyr Mammalia
Infraklasse:Placentale pattedyr Placentalia
Overorden:Euarchontoglires
Orden:Primatar Primates
Underorden:Ape Haplorhini
Infraorden:Simiiformes
Parvorden:Austaper Catarrhini
Saint-Hilaire, 1812

Austaper, òg kalla dyreaper eller smalnaseaper, er dei ekte apene som finst i Afrika, Asia og Europa, noko òg namnet viser til («aust for Atlanteren»).Mennesket er den einaste arten av austapene som òg finst i Amerika og Australia.

Det vitskaplege namnetgruppa, Catarrhini eller Catarhini (gresk κατά [kata], 'nedover', ρις [rhis], 'nase'), viser til at nasebora i dei smale nasene viser nedover.

Eit anna avleidd fellestrekk er at austapene mista éin premolar, slik at tannformelen er 2-1-2-3 (og dermed totalt 32 tenner). Medan menneskeapene manglar hale, har dei fleste dyreapene framleis hale, sjølv om ingen av dei har gripehale.

Namnet på gruppa framhevar skilnadane mellom austapane og vest- eller breinaseapene.Aust- og vestapene sine stamartar skilde lag for 100 millionar år sidan, då kontinentaldrifta skilde Afrika og Sør-Amerika.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Austaper
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Catarrhini